TROLLESTRIKK
Strikk fingervanter utan å bruka 5 pinnar! I staden strikkar me ”trollestrikk”, som betyr at me tryllar vekk 3 av pinnane, og brukar berre dei to siste. Likevel strikkar me i to lag, eller ”rundt” som me vil seia til vanleg. Med trollestrikk kan me strikka så små fingrar og så lågt masketal (min. 4 maskar) som me berre vil, utan at pinnane glir ut og ned under sofaen.
Denne tryllekunsten kan du læra på møtet i Husflidslaget tirsdag 26.april kl. 19.00 på Speiderhuset. Der møter du søstrene Snuse (Myhre) frå Suldal Husflidslag. Dei har lært seg trollestrikk gjennom Annemor Sundbø si bok, ”Usynlege trådar i strikkekunsten”. Me byrjar med å strikke eit lite restegarnstroll, slik at me får strikketeknikken inn i fingrane. Ta med to strømpepinnar og restegarn. Du kan ikkje bruka pinnar med knott i enden. Når teknikken sit, kan me byrja på fingervantene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar